Du er her: Framsida ›› Bergen stasjon vert stengd i helga (18. - 19. februar) på grunn av arbeid

Bergen stasjon vert stengd i helga (18. - 19. februar) på grunn av arbeid

Info frå BaneNor og NSB: Frå natt til laurdag 18. februar til søndag formiddag 19. februar er det arbeid på Bergensbanen mellom Bergen og Arna. Dette får konsekvensar for togtrafikken mellom Bergen og Voss. Bergen stasjon blir også stengd for gjennomgang i helga.

NSB køyrer buss for lokaltoga mellom Bergen og Arna, og tog mellom Arna og Voss/Myrdal. For regiontoga køyrer NSB buss mellom Bergen og Voss, og tog mellom Voss og Oslo.  Klikk her for å sjå informasjon på NSB si nettside.

Vestibylen, NSB sitt billettkontor, Narvesen, Friele kafé og Deli dei Luca held ope. Kundane kan kome til billettkontoret og Narvesen gjennom inngangen frå Kaigaten og via gongbrua frå Bergen storsenter.

Arbeidet som skal gjerast mens toga står er:

•    Boring for å kartleggje grunnforholda ved jarnbanespora på strekninga frå Bergen stasjon til Fløen, i samband med bygginga av dobbeltspor.
•    Bygging av ein teknisk tunnel under spora i Fløen.
•    Sprenging mellom gammal og ny tunnelopning ved Ulriken tunnel.
•    Arbeid med kontaktleidningsanlegget ved Bergen stasjon og i Fløen.
•    Fjerning av stillas i avgangshallen på Bergen stasjon der ein har fornya takkonstruksjonen.

Skriv ut Skriv ut