Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Barnehageplass

Generelt

Barnehageplass i Vaksdal kommune

Etter hovudopptaket for barnehageåret 2014/2015 fekk alle søkjare med lovmessig rett til barnehageplass tilbod om slik plass i kommunen. Totalt 242 plasser fordelt på 195 barn er i bruk ved oppstart 4. august 2014.

Barn utan slik rett står på venteliste til evt. ledige plasser. Kommunen har fortløpande inntak til ledige plasser (ledig plass når barn sluttar eller blir rekna om for alder), og nyttar då opptakskriteria og prioritering etter lov og vedtekter. Barn som står på venteliste til barnehageplass får melding om inntak når og viss det blir ledig plass til dei. Barn som ikkje kjem inn i barnehageåret, må søkje på nytt etter nyttår for neste barnehageår, før 1. mars 2015.

Tenesteomtale

Du har rett til barnehageplass frå august dersom barnet ditt fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året du søkjer, og du har søkt før fristen for hovudopptaket har gått ut. Dersom barnet ditt er under eitt år, kan du få tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet.

Barn som fyller eitt år i september eller oktober det året det blir søkt om barnehageplass, har  rett til å få plass frå den månaden barnet fyller eitt år.

Barnehagen skal i samarbeid og i samråd med heimen ta vare på barnet sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Det skal takast omsyn til:

  • alderen til borna
  • funksjonsnivå
  • kjønn
  • sosial, etnisk og kulturell bakgrunn

.

Målgruppe

Born 0 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterium/vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Born med nedsett funksjonsevne
  • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Pris for tenesta

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.

Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. Foreldrebetalinga skal for det første barnet utgjere maksimalt seks prosent av den samla skattepliktige kapital- og personinntekta i hushaldet. For andre, tredje og fleire barn blir foreldrebetalinga sett til høvesvis 70 og 50 prosent av foreldrebetalinga for det første barnet.

Frå 1. august 2015 har alle 4- og 5-åringar som bur i hushald med låg inntekt, rett til å få 20 timar pr. veke gratis opphaldstid i barnehage. Frå 1. august 2016 vil ordninga bli utvida til også å gjelde 3-åringar. Ordninga gjeld for familiar eller hushald som har ei samla inntekt på mindre enn 417 000 kroner.
Dette gjeld òg barn med utsett skulestart.

Samarbeidspartnarar

  • Helsestasjonen
  • PPT
  • Barnevernet

Lover

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Sjå
Barnehageloven § 12a Rett til plass i barnehage
Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3 Moderasjonsordninger

Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Barnehageloven
Forskrift om familiebarnehager
Barnevernloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Saksbehandling

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.

Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.

Har du ikkje fått oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt om barnehageplass ved hovudopptaket, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving.

Høve til å klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Tjenesten oppdatert: 23.05.2017 11:22