Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Avløp - offentlege avløpsanlegg

Tenesteomtale

Kommunen etablerer, driftar og held ved like offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Føremålet er å samle opp avløpsvatn, transportere vatnet til eigna reinseanlegg og sleppe det reinsa vatnet ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggje ureining av miljøet og hindre overfløyming. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustader og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Kommunen har ansvar for utslepp frå det offentlege avløpsanlegget. Kommunen rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser mellom anna i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.

Målgruppe

Innbyggjarar, næringsliv

Kriterium/vilkår

Bustader og verksemder må vere kopla til eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Kommunen kan gjennom enkeltvedtak krevje rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Pris for tenesta

Prisen for å kople seg til og nytte det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.

Lover

Plikta til å vere kopla til eit offentleg avløpssystem går fram av § 27-2 i plan- og bygningslova. Sjå § 22 i ureiningslova om krav om rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Sjå òg kapittel 12 og 16 i ureiningsforskriften.

Forskrift om miljørettet helsevern
Forurensningsforskriften
Plan- og bygningsloven
Forurensningsloven

Høve til å klage

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Tjenesten oppdatert: 24.05.2017 16:19