Vaksdal kommune 2012

Ordførar i kommunen er Eirik Haga (Ap)
Tlf. 56 59 44 34 mobil 93 04 10 36 e-post eirik.haga@vaksdal.kommune.no

Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen.
Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot aust-vest

Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur.

Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk,idrett og lagsliv. Daledagane har vorte ein årleg tradisjon, med stor oppsluttnad.

Vaksdal kommune har eit areal på 738 km² og er 5 største på areal i Hordaland fylke, og har 4173 innbyggjarar. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap.

Ordførar i kommunen er Eirik Haga (Ap) og rådmann er Trine P. Grønbech

Vaksdal Næringsselskap AS.
Tlf. 56 59 71 00, e-post vns@vaksdalnet.no  http://vnsas.no/

Næringsselskapet driv si verksemd i samsvar med formålet som vart lagt til grunn ved etablering i 1997. Dette inkluderer at selskapet skal drivast på ein ikkje kommersiell basis.
Vaksdal kommune har tildelt næringsselskapet det daglege ansvaret for og fullmakt til å prioritere og disponere tildelte midlar som KRD og kommunen har løyvt til omstillingsarbeidet.

Både styre og administrasjonen har vore opptekne av å utvikla selskapet si verksemd, slik at ein kan ha fokus på strategisk og prosjektretta arbeid knytt til nærings- og folketalutvikling.
Vaksdal kommune eig 60,8 % av aksjane i selskapet.
Styreleiar er Stian Jordalen. Dagleg leiar Svein Aksel Sellevold.

Vaksdal Næringspark AS.

Selskapet sitt forretningskontor er postboks 103, 5722 Dalekvam.
Selskapet sin aksjekapital er kr. 3.500.000,- og er eigd av Vaksdal kommune.
Vaksdal Næringspark AS er Vaksdal kommune sitt selskap for eigedomsutvikling med grunnlag/utgangspunkt i Strategisk plan for selskapet.
Dagleg leiar i 10 % stilling Svein Aksel Sellevold tlf. 56 59 71 00 og mobilnr. 90 01 04 21 Styreleiar: Anneli Vatle Lilletvedt mobilnr. 916 80 323.
Etablering av Dale Factory Outlets.

Overordna mål:
Etablera det som kan bli landet sitt fyrste Fabrikkutsalsentrum.

I Dale Factory Outlets skal du finna kjente merkevarer for heile familien, med prisar i snitt 30 % lågare enn veiledane butikkpris. Det er allerede fleire som er etablert, og andre kjente norske merkevareprodusentar har avtale om etablering.
Prosjektet har fått 3 investorar: Nistadgruppa, Arne Dalseid og Fløysand. Det er også invilga fyrtårnsmidlar frå fylke.
Prosjektansvarleg/koordinator: Eit samarbeid mellom Vaksdal kommune og investorane.

Publisert av Aas, Anders. Sist endra 06.12.2012
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Vaksdal Kommune Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam
E-post : post@vaksdal.kommune.no
Telefon
: 56 59 44 00

Faks
: 56 59 44 01
Org.nr.
: 961 821 967
Mva.nr.
: 961821967
Kommunenr.
: 1251

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Det er vinter på Vaksdal med flott utsyn og masse sol. | Fotograf: Sveinung Klyve
Vinter på Vaksdal.Foto:S.klyve
Fotograf Sveinung Klyve
Levert av ACOS AS