HjemNyheiterVelkomen til den nye sida vår

Velkomen til den nye sida vår

Ei kommunal nettside inneheld mykje informasjon og skal dekke mange ulike behov. Vi har bygd sida etter det vi veit om behovet til deg som bur og driv næring i kommunen vår.

Kva er nytt?

Vi har fått på plass «Min side», der du kan logge på og finne snarvegar til Altinn og Lånekassen. Her kan du også finne fakturaer frå kommunen og be om betalingsutsetjing.

På sikt vil «Min side» gi alle som bur og driv næring i Vaksdal kommune ein oversikt eige forhold til kommunen. Vi jobbar vidare med å få på plass fleire tenester på «Min side», og vil informere etter kvart som dei kjem på plass.

Du vil også oppleve at sida ser annleis ut. Vi har gitt meir plass til tenester, mindre til nyheiter. Dette har vi gjort fordi vi veit at dei fleste kjem til ei kommunal nettside for å finne informasjon om tenestene våre, til dømes barnehage eller byggjesak.

Saknar du noko?

Ta gjerne kontakt med oss. Alle innspel og spørsmål gjer oss betre.

Send tilbakemeldinga di til info@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 14.11.2018