HjemNyheiterOrdføraren la ned tidskapsel på den nye skulen måndag 13. mai

Ordføraren la ned tidskapsel på den nye skulen måndag 13. mai

Slik kan dei som ein gong i framtida opnar den, få eit innblikk i korleis vi hadde det i 2019.

 

Her vil dei mellom anna finne helsingar frå skuleelevar og barnehageborn, ei VM-lue med oppskrift på minnepinn frå Dale of Norway og nokre utgåver av Vaksdalposten. Talene til ordførar og kommunalsjef for oppvekst fann og vegen ned i boksen.


Og ingen markering skjer i Vaksdal kommune utan kulturelle innslag. Biblioteksjef Jan Erik Kolaas las mellom anna frå Vaksdal historielag sin årbok for 2018, om korleis det var å starte på skulen i 1929.
Flotte syngande ungdomar frå 8. klasse framførte songen "Vestlandet" i lag med Hege Eide Vik og Renathe Vik.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 14.05.2019