HjemNyheiterManntal til offentleg ettersyn

Manntal til offentleg ettersyn

Hovudmanntalet ligg ute til offentleg ettersyn på:

- Innbyggjarservice i heradshuset
- Vaksdal folkebibliotek, hovudbiblioteket på Dale
- Vaksdal folkebibliotek, filial Vaksdal
- Joker Stamnes

Dersom du har flytta frå ein annan kommune og melding om flytting ikkje er mottteke av folkeregisteret innan 30. juni, står du framleis i manntallet i den kommunen du flytta frå.  På valdagen må du då røyste i den kommunen – eller du kan førehandsrøyste.

Det blir sendt ut valkort til alle røysteføre i kommunen.  Dersom du ikkje mottek valkort, og heller ikkje har høve til å sjekka om du står i manntalet på utleggingsplassane, kan du ringa til Innbyggjarservice på telefon 56 59 44 00, eller til valstyret på telefon 45 37 59 94.

Dersom du ikkje står i manntalet og meiner at det er feil, har du høve til å krevje feilen retta. Ta då kontakt med Vaksdal valstyre, Konsul Jebsensgt. 16, 5722 Dalekvam.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 11.07.2019