Du er her: Framsida ›› Tenester ›› Tenester A-Å

Adressetildeling

Tenesteomtale

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal kommunen informere den registrerte eigaren eller registrerte festaren. Vedkomande og andre som blir påverka av avgjerda, skal få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse så snart det er nødvendig og seinast saman med igangsetjingsløyve for byggjetiltaket.

Det er kommunen som avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter reglane i lov om stadnamn.

Adressa skal om mogleg knytast til den vegen eller gata eigedommen har godkjend tilkomst frå. Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg. For eksempel kan kommunen tildele eller endre adresse

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Lover

Sjå 
Matrikkellova kapittel 4 Adresser til eigedommar og bygningar
Matrikkelforskriften Kapittel 12 Offisiell adresse og § 22 Klage over adressetildeling
Lov om stadnamn § 5 Fastsetjing av skrivemåten 

Matrikkellova
Forvaltningsloven
Forskrift om skrivemåten av stadnamn
Matrikkelforskriften
Lov om stadnamn

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageretten er avgrensa til a) kva gate, veg eller liknande ei bygning eller ein eigedom skal ha adresse til, b) kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa og c) feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Tjenesten oppdatert: 24.05.2017 15:49