HjemNyheiterInnspelsmøte og idéugnad for Jebsahuset

Innspelsmøte og idéugnad for Jebsahuset

Velkomen til innspelsmøte og idédugnad for Jebsahuset på Dale måndag 06.05.24 kl. 18.00 i Dale Forsamlingshus
Publisert: 30.04.2024
Sist endra: 30.04.2024

Vaksdal kommune har etablert ei arbeidsgruppe som skal arbeide fram ein plan for vegen vidare for Jebsahuset/Messo/Daleslottet på Dale.

(Svært kjært barn har mange namn.)

Då trengs det innspel frå alle gode lokale krefter for å få fram dei gode idéane.

I dette høvet vil me ynskja dykk hjarteleg velkomne til innspelsmøte for Jebsahuset.

Til å setja oss i god stemning for gode innspel har me desse flotte innleiarane:

  • Opning av møtet ved varaordførar Kjartan Haugsnes i Vaksdal kommune
  • Harald Stanghelle: Refleksjon om å taka vare på handfaste symbol på historia
  • Otto van Etten, frå Stiftelsen for Hesthamar skrivargard i Ullensvang, fortel om arbeidet som er gjort i Hardanger
  • Mona Grenasberg: Kvifor Jebsahuset er viktig og verdien av lokalt engasjement

Kort pause

  • Innspel frå salen
  • Oppsummering og vegen vidare

Vel møtt!

Politisk utval for Jebsahuset: Mona Grenasberg, Fred Bjørnberg og Britt Brudvik