HjemNyheiterDette må du ikkje kaste i do: – Våtservietten er den største syndaren

Dette må du ikkje kaste i do: – Våtservietten er den største syndaren

Kan du reglane? Det er berre toalettpapir som skal kastast i do.
Publisert: 25.04.2024
Sist endra: 25.04.2024

Det er eit aukande problem i heile kommunen at vi finn våtserviettar, eingongsklutar og filler i filteret på pumpestasjonar. Dette er ikkje bra for miljøet for det fører til plastforureining. Det gjer og at vi må bruke meir ressursar på avløpsreinsing som til slutt fører til auka kostnader for alle.

Kloakk i retur

Tette røyr og tilstoppa pumper kan føre til tilbakeslag av kloakk i kjellaren din. Det unner vi ingen. Det er noko «skikkeleg drit» for å seie det sånn.

Avløp rett ut i naturen

Når røyra tettar seg, og om avløpsvatnet ikkje kjem tilbake til din eigen kjellar, vil vatnet alltid finne ein veg. Det kan rett og slett føre til overløp av kloakkvatn i bekker og elvar og forureining av natur og miljø.

Kastar du våtserviettar og filler i do?

Vi håpar du vil slutte med det! I alle fall viss du er oppteken av å ta vare på natur og miljø, eller synest det er utriveleg å symje rundt i kloakk på den lokale badestranda di.